Olset Entreprenør AS er eit entreprenørfirma i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane, som driv med transport-, betong- og trearbeid. I tillegg til dette leverer vi ferdigbetong og betongelement. I Olsetvikane har vi produksjonshall for betongelement, betongblandeverk, kai, lager og kontor. Vi har i dag 12 tilsette. Av desse er det mange med lang røynsle, to fagarbeidarar med sveinebrev i tømrarfaget, og to byggingeniørar med god fagkunnskap, den eine med sveinebrev i tømrarfaget og den andre med fagbrev i betongarbeid, begge har teknisk fagskule og Bachelorgrad i ingeniørfag, bygg – konstruksjonsteknikk.

 

Fyllestasjon

Litt historie

Firmaet vart starta av Otto Olset i 1970, da som enkeltmannsforetaket Otto Olset Autorisert Entreprenørforretning. Gründeren Otto hadde da tatt Teknisk skole i Stavanger, frå tidlegare år var han tømrar. I april 1983 starta vi med betonglevering frå fyllestasjon på Olset og Tangedal sitt område på kaia i Askvoll. Og i 1985 kjøpte og opparbeida vi eit område i Olsetvikane industriområde. Her har vi i dag produksjonshall for betongelement, betongblandeverk, kai, lager og kontor. I 2010 vart Otto Olset Autorisert Entreprenørforretning omdanna til aksjeselskap og fekk namnet Olset Entreprenør AS.

Kompetanse/godkjenningar

Ansvarsrett_logo_rgb_litenKR_logoFargeGIFSB_LOG_web