Alsaker TunFerdigbetong

Vi blandar og leverer alle typar ferdigbetong. Blandeverket vårt var nytt i 1990 og vart oppgradert med ny styring november 2009. Det har ein kapasitet på ca. 25-30 m³ i timen. Vi har 3 betongbilar med diverse utstyr, og en betongbil med pumpe. Vi er godkjent av «kontrollrådet for betongprodukt» for produksjon av ferdigbetong i utvida kontroll (klikk logoen til kontrollrådet for å sjå sertifikatet). Da vi skifta styring på blandeverket i november 2009, valde vi ei ViCon styring frå Vision Automasjon AS. Det er her lagt inn ordningar for prøvetaking og kontroll med betongen.

Billigare og mykje betre med ferdigbetong!

Ferdigbetong er eit svært anvendeleg materiale. Enten det er til små arbeider som støttemur i hagen eller golv til garasjen, eller det er til kraftverk, driftsbygning eller oljeplattformer – ferdigbetong er eit naturleg val. Så snart behovet er større enn nokon trillebårlass, kan det lønne seg å nytte ferdigblanda betong frå fabrikk.

Fordelane er fleire:

Spar tid og krefter

Du slepp det tunge transportarbeidet. Betong veier ca. 2400 kg/m³. Til samanlikning: Ein 25 kg sekk med betongblanding der du sjølv bare tilsette vann, gir ikkje meir enn 13 liter betong. Du treng mange slike sekker, kva du enn skal støype.
Du sparer dessutan atskilleg med tid med ferdigbetong!

Høg og jamn kvalitet

Dersom du heller har tenkt til å kjøpe rein sement i sekk, og sand og grus i lausvekt, har du forutan transporten også jobben med å blande sjølv. Dette slepper du om du kjøper ferdigbetong.
Den ferdigblanda betongens kvalitet er garantert høg og jamn.

Store ressursar og ekspertise

Med vår hjelp kan du også velje betongkvaliteter som bare kan framstillast i fabrikk, for eksempel fiberarmert betong, undervassbetong eller farga betong.

Prisgunstig

Prisen er meget konkurransedyktig allereie ved så små mengder som 400-500 liter, når du tek med alle kostnadar.

Vi leverer:

  • Ferdigbetong
  • Betongelement
  • Isopor og plast
  • Armering
  • Sand og singel

Vi utfører:

  • Forskaling, armering og støyping
  • Tømrararbeid
  • Kranarbeid
  • Transportoppdrag

Innan betongelement utfører vi:

  • Veggelement med frilagt singel
  • Veggelement med frilagt singel kombinert med skifer
  • Veggelement med skifer
  • Stopla
  • Plattendekke (forskalingsdekke)
  • Bruelement
  • Slippgate
  • Trapper og repos
  • Frittståande benkar og bord, samt type rasteplassbenkar

Betongelement

Vi produserer og monterer alle typar slakkarmerte betongelement. Her er nokre av fordelane ved bruk av betongelement:

  • Kort byggetid
  • Oppnår brannsikre bygg
  • Lågare forsikringspremiar
  • Lang levetid og lite vedlikehald
  • Termiske eigenskaper (lagrer varme)
  • Svært formbart
  • Isolerer mot lyd

Bruelement

Bruer

Vi har forskalt, armert og støypt ein del bruer. Alt frå små plasstøypte bruer til store bruelement med lengde 30 meter og vekt på 185 tonn.

Garasjeelementskiferboge Veggelement

Veggelement med skifer

Vi lager veggelement slik du vil ha dei. Det er mykje å velje i på markedet, vi kan hjelpe med å finne eit mønster for deg. Forma med mønster legg vi i forskalinga.

Gjdselkummerund1

Gjødselkummar

Vi har laga mange gjødselkummar, både små og store, runde og firkanta.